Hopp til hovedinnhold
Plakat for Heksene fra den forstenede skog (1976)

Heksene fra den forstenede skog

Film
2

Heksene fra den forstenede skog ein merkverdig film. Eg har ikkje sett noko liknande. Det er som ei blanding av kunst, dårleg film, god teknisk produksjonskvalitet, interessant blikk på Oslo før i tida, dei politiske og ideologiske ideane til ein filmskapar, kroppsleg ubehag og meir.

Denne gode blandinga av kva filmen byr på gjorde at eg held fram å sjå han, trass i at det ikkje fall heilt i smak frå byrjinga av. Det er òg overtydeleg at regissøren har ei anti-syn mot så mangt han tenker er det viktige med filmen å få fram. Asfalt og betong, amerikanisering, kapitalismen, det er ikkje grenser for kva han er i mot. Og det er til å le av.

Filmen er sånn passe uklar på om det faktisk er overnaturlege innslag, eller om det er psykotisk eller narkotisk påverknad som manar fram det me blir vitne til. Eg blei ikkje heilt klok på det, men heller ikkje irritert. Så kudos for at dette blei handsama på ein grei måte.

Men alt i alt er dette ein norsk film du godt kan styre unna. Han er ikkje nødvendigvis spesiell nok til å bli ein kuriositet.

Lars-Erik Lie endar på ei langt varmare vurdering på Filmkikk (filmkikk.no). Han meiner natur- og miljøtematikken framleis er aktuell, og finn dei uvanlege kameraeffektane og den sære forma interessante nok til å anbefale filmen. Eg ser kva han trekker fram, men det gir ikkje same utslag for meg. Dei tydelege bodskapa og blandinga av uttrykk heldt meg sjåande utan å gjere opplevinga særleg god.