Guillermo del Toro, mannen bak El Laberinto del Fauno, driv for tida på med forarbeidet til Hellboy 2: The Golden Army. Fram til då er det ikkje mykje anna å gjere enn å sjå hans tidlegare arbeid. No har eg sett Hellboy som han har regissert.
Hellboy er ein av dei verkeleg gode teikneserieadapsjonane som er komme dei siste åra. Eit gjensyn var etterlengta, og gjennomført no rundt to år etter første gang eg så filmen. Han handlar om ein demon som blir henta frå den mørke sida av nazistane under andre verdskrig, men som blir redda og oppfostra av den gode alliansen.
Hellboy kan bli litt langdryg og mistar terreng utover i filmen. Men det er ikkje å legge under ein stein at det er ein god actionfilm med ei flott bakhistorie.
Difor blir dette eit stykke film som overgår den nyleg sette Hulk med god margin. Det har nok med karakterane å gjere. Men heilt opp til Spider-Man når han likevel ikkje.
Massevis av spesialeffektar, ei kjærleikshistorie lik skjønnheita og udyret, vondskapsfulle nazistar som står opp igjen. Ingrediensane manglar det ikkje på, og filmen blir god. Dette er to timar med heftig action i beste stil.