
Hellboy Animated: Sword of Storms
Mellom Guillermo del Toro sine Hellboy-filmar har det blitt laga to animerte tv-filmar om den raude teikneseriefiguren. Hellboy Animated: Sword of Storms er den første av dei, og kom i fjor.
Teiknefilmanimasjonen har fått stemmene til skodespelarane som tolka dei viktigaste karakterane i Guillermo del Toro sin 2004-film. Altså Ron Perlman som Hellboy og Selma Blair som Liz. Sjølv om stemmene er på plass og filmen har meir enn nok av action, er det noko som manglar.
Det er ingenting her som gjer dette til ei unik filmoppleving, heile tida har eg inntrykk av at eg ser på Cartoon Network eller liknande, med tamme og føreseielege slåstsekvensar på rekke og rad. Som relativt liten fan av dei moderne animasjonane på kanalen hadde samanlikninga uansett ikkje vore noko kompliment.
Michael Gingold saknar òg eit sterkare særpreg på Fangoria (fangoria.com). Han meiner filmen manglar mykje av persondjupna og stemninga som gjer Hellboy interessant, og at bakgrunnshistoria om sverdet er meir engasjerande enn hovudhandlinga. Det er eit godt poeng. Ei rekke nye motstandarar gir ikkje nødvendigvis noko å bry seg om mellom slaga. Dei fine teikningane og dei kjente stemmene kan ikkje åleine erstatte det som manglar i forteljinga.
Animasjonsteknikken her ser enkel ut, utan at det er ei direkte årsak til at eg kjedar meg. Mange av teikningane skal faktisk seiast å vere fine, spesielt dei frå den forhistoriske Japan-delen av filmen. For i Hellboy Animated: Sword of Storms må nemleg Hellboy hamle opp med demonane for lyn og tore i den japanske kroken av verda.
