Hopp til hovedinnhold
Plakat for Hello Sister, Goodbye Life (2006)

Hello Sister, Goodbye Life

Film
3

Ei 21 år gammal kvinne som framleis går på college må bli verje for si halvsøster, då deira felles far og mor til halvsøstera dør i ei bilulykke.

Å bli skikkeleg vaksen over natta og ta hand om ein sjuåring er noko av det siste Olivia ønsker. Gjennom store delar av filmen strevar ho, og vil eigentleg overlate ansvaret til besteforeldra til halvsøstera.

Som den tv-filmen Hello Sister, Goodbye Life er, så veit eg godt korleis dette vil ende. Tonen blir sett heilt i frå starten av. Dette har sitt utspring i ein tragisk situasjon, men er ingen tragedie, i tyding av at det til slutt kjem ein lykkeleg slutt.

Lacey Chabert spelar hovudrolla, og gjer ein god jobb. Ho er som regel ein solid pilar i filmane ho spelar i, som byrjar å bli ein del. Eg er ikkje nok kjent i verda til tv-filmane til å sjå totalen, men eg vil tru at Lacey Chabert er ein av dei kjente som ikkje har problem med å få nye roller.

Det er ei grense for kor mykje skodespelet kan bere når karakterane skal endre seg raskt. Greg på The Teen Cultural Revolution (justfanoe.blogspot.com) synest utviklinga mellom søstrene blir for brå, og meiner Lacey Chabert ikkje får fram nok av den gradvise forandringa. Eg likar henne betre i rolla, men poenget hans er relevant. Ei føreseieleg historie kan fungere fint, så lenge det kjenslemessige grunnlaget gjer utviklinga truverdig.

Hello Sister, Goodbye Life er ein film som du kan finne på å sjå om du ønsker ein ukomplisert film, men likevel ei kjensleladd historie. Produksjonskvaliteten er ikkje heilt topp, men innanfor.