Hello Sister, Goodbye Life - Filmdagbok

Hello Sister, Goodbye Life 2006

Ei 21 år gammal kvinne som framleis går på college må bli verje for si halvsøster, då deira felles far og mor til halvsøstera dør i ei bilulykke.

Å bli skikkeleg vaksen over natta og ta hand om ein sjuåring er noko av det siste Olivia ønsker. Gjennom store deler av filmen strevar ho, og vil eigentleg overlate ansvaret til besteforeldra til halvsøstera.

Som den tv-filmen Hello Sister, Goodbye Life er, så veit eg godt korleis dette vil ende. Tonen blir sett heilt i frå starten av. Dette har sitt utspring i ein tragisk situasjon, men er ingen tragedie, i tyding av at det til slutt kjem ein lykkeleg slutt.

Lacey Chabert spelar hovudrolla, og gjer ein god jobb. Ho er som regel ein solid pilar i filmane ho spelar i, som byrjar å bli ein del. Eg er ikkje nok kjent i verda til tv-filmane til å sjå totalen, men eg vil tru at Lacey Chabert er ein av dei kjente som ikkje har problem med å få nye roller.

Hello Sister, Goodbye Life er ein film som du kan finne på å sjå om du ønsker ein ukomplisert film, men likevel ei kjensleladd historie. Produksjonskvaliteten er ikkje helt topp, men innanfor.