Ein mann kjøper en boks, og ut av boksen bryt helvete laus for han. Me hoppar så fram i tid, og er i huset han har budd i. Det er broren hans og dama som har flytta inn. Eit blodig uhell fører til at mannen blir vekt til live, når blod trekk inn i golvet. Det er eit klassisk grøssaropplegg som skjer.
Ei historie rundt boksen og vegen vidare for mannen tilbake til eit fullstendig liv utfoldar seg. Stemninga er trykkande og den grafiske tonen er både fantasirik og makaber. Slim, blod og knirkande skjelett tok seg godt ut på 1980-talet etter min filmsmak. Hellraiser er blant det best gjennomførte på dette område.
Mitt heilskaplege inntrykk av filmen er nok prega av eit ukonsentrert sinn. Eg er redd det kosta filmen ein karakter om det skal setjast tal på opplevinga. For mitt inntrykk basert på filmen i deler er at det er nok mystikk og mytologi til å danne et godt grunnlag. Dessutan ser jo filmen god ut som eg var inne på. Det ser ut til å skje noko heile tida. Gongen i filmen heng saman så godt som det går, mystikken tatt til vurdering.
Eg skulle ønske eg hadde følgt betre med, men fekk likevel ut av filmen det eg hadde håpa på. Og eg vil plassere Hellraiser blant dei mest forseggjorte amerikanske grøssarane frå 1980-talet eg har sett.