
Helvetica
Ein dokumentar om ein skrifttype. Så mykje brukt og populær har skrifttypen Helvetica blitt sidan han kom i 1957, at det har blitt et fenomen verdt å dokumentere. Det meiner iallfall Gary Hustwit.
Helvetica handlar også om anna typografi, grafisk design og andre visuelle saker. Og er ikkje ein så snever film som han gir ut for å vere. Det er stort sett ei subjektiv greie, med personar som snakkar om sitt forhold til saker og ting. Og eksempel på alle stadene Helvetica etter kvart har blitt brukt, som den enkle, stilige og lesevennlege skrifttypen han er.
Eg kan ikkje påstå at dette er ei stor filmoppleving, men det er grei tidtrøyte om du har litt interesse for desse sakene, berre ikkje nok til å lese om det, så du heller vil sjå ein film.
Motstemmene gjer dokumentaren meir interessant for Arne Adolfsen på Arne’s Flicks (arneadolfsen.wordpress.com). Han blir først uroleg for at dette berre skal bli ei hylling, men meiner dei sterke reaksjonane mot skrifttypen gir filmen liv, og rosar den klare framstillinga. Eg er mindre begeistra for filmen som oppleving. Likevel viser denne usemja korleis det subjektive stoffet kan opne eit tilsynelatande smalt tema og gjere design til meir enn eit spørsmål om kva som er lett å lese.
