Henry: Portrait of a Serial Killer - Filmdagbok

Henry: Portrait of a Serial Killer 1986

Michael Rooker, nyleg aktuell som Merle i The Walking Dead, portretterer seriemordaren Henry.

I denne grafiske lågbudsjettsfilmen følger me Henry tett, mens han etterlet seg mengder med døde kvinner. Ørsmå glimt inn i motivasjonen hans får me også, men ikkje for mykje. Mystikken eller det usette spelar ei viktig rolle i Henry: Portrait of a Serial Killer.

Musikken er sentral og kraftig og bidreg stort til dei ubehagelege bilda me ser. Bortsett frå at bildekvaliteten som oftast er grumsete, er det samspelet og dialogane som er den kritiske faktoren for at dette lukkast.

Fråværet av etterforsking og forklaring gjer at filmen slepp unna med si enkle oppbygging. Resultatet blir rett og slett, og skal vere, eit portrett.