Den animerte filmen Hercules, om sonen til Zevs og Hera, er ein som eg lenge har hatt i kikkerten. Dette er ein Disney-film frå 1997, som på sett og vis har tålt tida godt når eg endeleg i 2021 har fått sett filmen.
Det handlar om gudesonen Hercules. Omstendigheitene gjer at han veks opp på jorda som menneske, men som eit sterkt eit. I det som er ei humoristisk, musikalsk og fargerik oppvekshistorie handlar det om å finne sin plass, og bli kjent med kva som er viktig for ein.
For Hercules blir det viktig å bli ein helt. Det er katalysatoren som set eventyret i filmen i gong. Og i ein slik film med ein helt som dette er, så er det som regel ein skurk. I dette tilfelle er det Hades, guden i underverda. Det er han som tvingar Hercules til ei oppveks på jorda, og vil vere hinder i framferda til Hercules.
Hercules er ein film med mykje humor. Det går unna i historieforteljing, men alltid langs ein raud og viktig tråd som tek filmen stadig nærmare målet. Det meste av vala i produksjonen er gode, og det er mest ting som smak og behag som trekk litt ned. Blant anna var ikkje musikken noko for meg, og sette stort preg på stemninga. Elles stakk ikkje handlinga så djupt heller, men leverte greitt, og rangeringa av filmen blir deretter.