
Hevn
Historia bygger seg opp sakte. Det verkar roleg på utsida. Men noko ulmar under overflata. Utgangspunktet er hemn. Ei kvinne vender tilbake for å konfrontere fortida.
Det er ikkje blod eller vald i denne hemnhistoria. Filmen skildrar korleis tanken på hemn påverkar denne kvinna.
Naturen er vakkert filma og er med på å bygge stemning. Så veldig spennande er ikkje dette. Det er mest subtilt det som skjer. Ikkje så mykje opplagt thriller-preg.
For Tore André Øyås på Filmkikk (filmkikk.no) er det gradvise samspelet mellom menneska noko av det som held interessa oppe. Han rosar skodespelet og det tekniske, men meiner at sjølve hemnmotivet ikkje alltid er like truverdig. Eg opplever filmen som mindre spennande enn han gjer. Me er likevel inne på mykje av det same når det er den rolege oppbygginga og stemninga som ber historia.
