Opninga var skuffande, kjedeleg og kravde to forsøk før eg kom vidare med filmen.
Etter kvart gjekk kvaliteten opp, men nådde aldri eit skikkeleg klimaks.
Det at filmen var basert på ei sann historie, som viste seg å ikkje vere sann likevel, hadde ingenting å sei for min del. Ein god ting var at hovudpersonen ikkje var eit sippete mannfolk, men heller av den sterke, tause typen.
Også artig å sjå J.K. Simmons i rolla som direktør i eit slags cowboy- mot indianarsirkus.