
High Fidelity
John Cusack har dametrøbbel i musikksentrerte High Fidelity, som også har med Jack Black og Iben Hjejle.
John Cusack har eg sansen for, bortsett frå nokon mindre gode filmar innimellom kan han verkeleg leve seg godt inn i rollene som krev ein ekstra dose menneske til seg.
I High Fidelity spelar han platebutikkeigaren som stadig møter veggen i forholda sine. Han uttrykker kjenslene sine i form av fem på topp-lister med musikk.
Musikken er så sentral og nødvendig at atmosfæren i filmen blir fullstendig prega av han.
James Berardinelli på ReelViews (reelviews.net) meiner filmen blir driven av personane og situasjonane heller enn av ei tydeleg handling. Han finn mykje av det beste i platebutikken. Det passar med kor viktig musikken og miljøet er for meg også. Dei gir kjærleikstrøbbelet ein eigen atmosfære, medan Jack Black gjer mykje ut av plassen han får.
Jack Black gjer ei av dei beste rollene sine. Iben Hjejle er mystisk og interessant.
