I denne westernfilmen med Gary Cooper som nygift og nyleg pensjonert marshall blir det klart at ein tidlegare bråkmakar ved namn Fred Miller er på veg tilbake til byen med toget klokka tolv.
Marshall Kane (Gary Cooper) ser det som si plikt å stå i mot Miller, og brukar dei siste minuttane før møte til å prøve å overtale folk å vere med.
High Noon si handling skjer i tilnærma faktisk tid, og blir meir og meir spennande etter kvart som tida går, og klimakset er sjølvsagt møte mellom Kane og Miller.
Før den tid er dette ei forteljing om ein mann som føler eit ansvar til byen som ingen andre ser ut til å forstå. Dei fleste er nok samde om at han er den beste marshall-en byen har sett, men er ganske feige når det kjem til å bestemme seg på så kort tid.
Dette er ikkje den beste westernfilmen eg har sett, men han klarar veldig godt å skape eit inntrykk av tid. Han tar ingen unødvendige avstikkarar heller som eg kan oppfatte. Alt i alt var dette fin underhaldning.