High School Musical 3: Senior Year - Filmdagbok

High School Musical 3: Senior Year 2008

For nokon år sidan såg eg dei to første High School Musicali-filmane. Den første, High School Musical, var den beste av desse, og ein enkel og fargerik gladfilm.

High School Musical 3: Senior Year er meir i same bane som den andre filmen, High School Musical 2, ein under middels film som først og fremst manglar ei god og bindande handling.

Handlinga som finst er tynn, og dreiar seg om at ungdommane snart er ferdig med high school, og skal sette opp ei siste førestilling før dei byrjar sine spreidde liv. Premissen er der, og alvoret lurer i bakgrunnen, men det blir gjort lite substansielt ut av det.

Songene er det som er filmen. Nokon er kjipe, mens andre er passe fengjande og til å nynne av. Skodespelarane er i grunn den gode delen av filmen, ein gjeng glade ungdommar eg har lite å utsette på. Deira karakterar er svært overflatiske, men blir spelt godt.

Du ser berre High School Musical 3: Senior Year om du har ein god grunn.