Hopp til hovedinnhold
Plakat for Hitori musuko (1936)

Hitori musuko

Film
2

Hitori musuko (også kjent som The Only Son) var første lydfilmen til Yasujiro Ozu. Han kom ut i 1936, etter at Yasujiro Ozu allereie hadde laga 35 stumfilmar.

Ei mor som har slite i ein silkefabrikk i Nagano for å sende sonen sin til Tokyo, kjem på besøk til han og lærer at han ikkje har komme lengre i karrierevegen enn å vere nattlærar. Langt frå den suksessen ho hadde håpa på. Og at han har fått kone og barn som han ikkje hadde fortalt ho om. Forholdet mellom forventning og skuffelse er ein viktig del av filmen. Mange av filmane Yasujiro Ozus streifar innom dette.

Det er ikkje nok til å gjere Hitori musuko til ein god film. Historia fell ikkje heilt på plass. Tempoet er ujamnt. Det er brå overgongar mellom scener. Kan vere at det tok litt tid før Yasujiro Ozu blei vant til lydfilm.

Likevel er det vanskeleg å ikkje bli gripe av relasjonen mellom mor og son. Møtet mellom dei to er full er prega av ting som ikkje blir sagt med ord. Sonens kjenner nok på skam. Mora er uvitande.

Relasjonen er òg det Grant Watson framhevar på FictionMachine (fictionmachine.com). Han finn samtalane mellom mor og son ekte og kjensleladda, sjølv om filmen ikkje har djupna til Yasujiro Ozu sine seinare verk. Eg er mykje mindre nøgd med heilskapen. Likevel er det nettopp dette møtet mellom dei to som får meg til å kjenne noko, også når forteljinga elles ikkje fell på plass.

Det er ei spenning i Hitori musuko, men det er ikkje nok. Eg kjenner igjen Yasujiro Ozu frå seinare filmar, men det er ikkje fulllkomment endå.