Hopp til hovedinnhold
Plakat for Hjelperytteren (2019)

Hjelperytteren

Film
3

Ein tidlegare proffsyklist går ut i media og avslører at ho dreiv med doping då ho var aktiv. Livet hennar blir snudd på hovudet. Blant anna tek dei som visste om det og var med henne, avstand. Filmen forsøker så godt han kan å utforske gråsoner, dobbeltmoral og hykleri. Men humoren her er ikkje spissa godt nok til at det treff blink. Eg kan likevel sette pris på forsøket, og på ein film med ei god historie.

På Speilet (speilet.net) finn skribenten også at satiren bit for lite. Omtalen set større pris på dei kvardagslege observasjonane og det Silje Salomonsen får fram i hovudrolla. Det gir meining opp mot det eg saknar. Historia har noko å ta tak i, men komikken gjer ikkje nok ut av hykleriet.