Norsk svart komedie av Nils Gaup høyres slettes ikkje dumt ut og er det heller ikkje før filmen har runda sine to tredjedeler.
Me møter trioen Lene (Lene Elise Bergum), Einar (Svein Roger Karlsen) og Bjørn (Morten Abel) som ferierar på ei øy langs norskekysten. Lene er den leddkledde og frisinna unge kvinna som har slått seg til ro med den litt eldre Einar. Bjørn bur i ei hytte ikkje langt unna deira eiga. Det heile er ein fin og litt morosam sommarfilm før ekskjærasten til Lene, Gaute (Reidar Sørensen) dukkar opp mens Einar og Bjørn er på fisketur.
Det er når Gaute dør at forviklingane startar, utført med ei stødig hand tar Nils Gaup dette gradvis frå å vere lys svart humor til å involvere mørke sinn og spennande blodsdrama. Med Svein Roger Karlsen si fantastiske rolletolking av den raskt vekslande Einar, frå hyggeleg til psykotisk, er dette ein fryd å følge med på. Lene Elise Bergum gjer ingen dårleg figur sjølv, men er strengt tatt ingen utfordrande rollefigur. Vonbrotet i filmen er Morten Abel, som i grunn gjer eit godt ansikt, men trekk det ned når han opnar munnen.
Etter spenninga er bygd godt opp kjem me til eit punkt i filmen der eit overraskande vendepunkt skal hjelpe til å bere dette eit stykke lengre. Her feilar filmen i mine auger og endar opp med å bli eit svakt forsøk i å vere smart. Lite eller ingenting tidlegare i filmen peikar til desse overraskingane verken undervegs eller når overraskingane blir presentert for oss. No kjem nok slutten som eit lite lystpunkt og rettar opp på dette igjen, men så langt ut i filmen er eigentleg løpet køyrt.