
Holidate
Holidate er første julefilm ut i oppkøyringa mi til jula 2020. Filmen byrjar og avsluttar rundt juletidar, men handlar også om andre høgtider. Det er ein ganske typisk romantisk komedie i oppbygginga, og ein festleg ein soleis.
I hovudrollane har me Emma Roberts og Luke Bracey. Dei spelar begge karakterar som ikkje er innstilt på seriøst forhold, og inngår ein avtale om å vere følget til kvarandre når det er høgtidsfeiringar. Dette fordi dei ikkje har lyst å feire høgtidene åleine.
Filmen er akkurat passe frekk, kanskje litt i overkant i blant. På den måten at det då går på rekning av innhaldet, ikkje i at det er drygt i seg sjølv.
Som julefilm er det ikkje filmen som gir mest julestemning, men det går heilt fint når filmen blei sett av meg i slutten av oktober. Ellers er produksjonen passe god, og karakterane blir gitt god plass og merksemd. I ein føreseieleg romantisk komedie som denne så er det gjerne kjemien mellom dei to mest sentrale karakterane som er det viktige, og her lukkast filmen godt nok.
Det velkjende opplegget blir heller ikkje noko stort hinder på Ramblings of a Supposed Writer (georgeapp137.wordpress.com). Skribenten meiner historia er enkel sjølv til romantisk komedie å vere, men rosar humoren og kjemien mellom Emma Roberts og Luke Bracey. Særleg utviklinga frå venskap til romantikk fungerer i omtalen. Der er me ganske samde. Det er kontakten mellom dei to som gjer dette festleg nok.
