Holidate er første julefilm ut i oppkøyringa mi til jula 2020. Filmen byrjar og avsluttar rundt juletidar, men handlar også om andre høgtider. Det er ein ganske typisk romantisk komedie i oppbygginga, og ein festleg ein soleis.
I hovudrollane har me Emma Roberts og Luke Bracey. Dei spelar begge karakterar som ikkje er innstilt på seriøst forhold, og inngår ein avtale om å vere følgjet til kvarandre når det er høgtidsfeiringar. Dette fordi dei ikkje har lyst å feire høgtidene åleine.
Filmen er akkurat passe frekk, kanskje litt i overkant i blant. På den måten at det då går på rekning av innhaldet, ikkje i at det er drygt i seg sjølv.
Som julefilm er det ikkje filmen som gir mest julestemning, men det går heilt fint når filmen blei sett av meg i slutten av oktober. Ellers er produksjonen passe god, og karakterane blir gitt god plass og merksemd. I ein føreseieleg romantisk komedie som denne så er det gjerne kjemien mellom dei to mest sentrale karakterane som er det viktige, og her lukkast filmen godt nok.