Hopp til hovedinnhold
Plakat for Holiday Affair (1949)

Holiday Affair

Film
3

Connie (Janet Leigh) er åleinemor. Steve (Robert Mitchum) blir ein arbeidsledig kar. Carl (Wendell Corey) ønsker å gifte seg med Connie.

Carl er den trygge. Etter lang tids vennskap etter ektemannen til Connie gjekk bort, frir han. Så dukkar Steve opp og frir like godt han også. Og attpåtil er det førjulstider og stress.

Holiday Affair er ein romantisk komedie av den snakkesalige typen. Han viser ei gruppe folk frå ei tilsynelatande positiv side, men det får vere opp til kvar enkelt å vurdere.

Det er uansett klassisk amerikansk, klassisk julefilm. Men ikkje nødvendigvis fantastisk, spesielt gripande eller ein film som klarer å engasjere og innfri nok. Det er likevel delar som er fine, og Steve er ærleg og god karakter i handlinga. Egoistisk i den positive tydinga av ordet, han går for det han vil ha, utan å ta av andre. Real og sunn konkurranse.

På Reviews by Rhiannon (reviewsbyrhiannon.wordpress.com) blir Carl trekt fram som ein særleg sympatisk person. Omtalen likar at filmen ikkje treng å gjere den eine friaren til ein dårleg mann for å gi den andre ein sjanse. Det passar med inntrykket mitt av ei historie som prøver å vise folk frå ei positiv side. Eg blir likevel ikkje like sjarmert av heilskapen, sjølv om denne typen konkurranse gir romantikken noko fint å spele på.