Connie (Janet Leigh) er åleinemor. Steve (Robert Mitchum) blir ein arbeidsledig kar. Carl (Wendell Corey) ønsker å gifte seg med Connie.
Carl er den trygge. Etter lang tids vennskap etter ektemannen til Connie gjekk bort, frir han. Så dukkar Steve opp og frir like godt han også. Og attpåtil er det førjulstider og stress.
Holiday Affair er ein romantisk komedie av den snakkesalige typen. Han viser ei gruppe folk frå ei tilsynelatande positiv side, men det får vere opp til kvar enkelt å vurdere.
Det er uansett klassisk amerikansk, klassisk julefilm. Men ikkje nødvendigvis fantastisk, spesielt gripande eller ein film som klarer å engasjere og innfri nok. Det er likevel deler som er fine, og Steve er ærleg og god karakter i handlinga. Egoistisk i den positive tydinga av ordet, han går for det han vil ha, utan å ta av andre. Real og sunn konkurranse.