Holiday in Handcuffs er ein film laga for tv-nettverket ABC. To barne- og ungdomsstjerner frå 1990-talet medverkar i hovudrollene: Mario Lopez frå Saved by the Bell, og seinare Pacific Blue. Og Melissa Joan Hart frå Sabrina, the Teenage Witch.
Film laga for tv har lenge hatt eit frynsete rykte, og Holiday in Handcuffs gjer ingenting for å motbevise det. Filmen er eit perfekt eksempel på å vere middelmåtig. Og eit godt eksempel på ein tåpeleg romantisk komedie.
Ettersom du aldri har tenkt å sjå filmen, avslører eg alt fort og kort: Melissa Joan Hart blir dumpa, så ho kidnappar Mario Lopez. Ho tar Mario Lopez med til julefeiringa til familien i ei hytte langt frå sivilisasjonen. Etter mange forsøk på å sleppe unna, går Mario Lopez inn for å gjere det beste ut av jula til han slepp heim. Han blir dermed med på løgna til Melissa Joan Hart om at han er typen hennar. Til slutt blir dei forelska. Stockholm-syndromet eller?
Eg lar meg tiltrekke av dårlege filmar, men blir stort sett alltid skuffa over at dei er så dårlege. Eller middelmåtige. Holiday in Handcuffs har ein struktur, heilt kurant produksjonskvalitet, eit par kjente folk til å dempe smerta med og blir dermed ikkje terror. Men så gir filmen ingenting heller. Han er til tider irriterande, rett og slett dum. Men det var vel å forvente.
Julestemning? Vel, ikkje etter mitt skjønn å dømme. Men filmen handlar veldig mykje om jul og julefeiring.