Holiday in the Wild - Filmdagbok

Holiday in the Wild 2019

Julefilmsesongen 2019 er i gang. Først ut er Netflix-filmen Holiday in the Wild, med Kristin Davis og Rob Lowe. Eg har ei stor interesse for julefilmar, noko som oversikta på Filmdagbok kan vise til. Netflix har etter kvart trappa opp produksjonen og innkjøp av slike filmar, og det gjer tilgjengelegheita lett, og interessa lett å ha.

Kristin Davis spelar hovudrolla som ei mor som sender sitt einaste barn til college. I det sonen har gått ut døra, seier ektemannen at han vil skiljast. Så han flyttar ut han også. Igjen står kvinna åleine med billettane til ein Afrika-tur, som ho vel å dra på trass i at mannen har forsvunne.

Omstendigheitene på turen gjer det til at ho ikkje hamnar på hytta med fem stjerner, men i ein leir som tar seg av elefantungar utan mor. Ho er utdanna veterinær, og vel å bli der for å ta vare på ein elefantunge.

Til å vere julefilm er ikkje produksjonskvaliteten til denne filmen så aller verst. Elefantane spelar ei stor rolle, og filmen har tydeleg ein bodskap å nå fram med. Rob Lowe er ein skodespelar eg har sansen for, og sjølv om han er litt meir tona ned i rolla si her enn det han har vore dei siste åra, er det framleis med ein energi som gjer filmen rikare. Kristin Davis er det lite å utsetje på, ho glir godt inn i rolla som ei rik dame frå New York.

Christmas in the Wild er originaltittelen til filmen, som på Netflix hadde fått tittelen Holiday in the Wild. Det handlar derimot ikkje så mykje om jul, men ein del av handlinga går føre seg rundt juletider, og me blir med på takinga av bilde til julekort, samt ei julefeiring i leiren. Utover det handlar filmen mest om elefantar. Kva som kvalifiserer til julefilm er så forskjellig. Men trass i at fokuset er på noko heilt anna her, så har eg ingen problem med å godta dette som ein julefilm.