Holidaze - Filmdagbok

Holidaze 2014

Ei kvinne som jobbar for ei stor butikkjede reiser til heimstaden rundt thanksgiving, for å prøve å overtale lokalbefolkninga til å akseptere at butikkjeda byggjer eit senter på staden.

Det er motstand i lokalbefolkninga, og kvinna som heiter Melody (Jennie Garth) er i ein utsett posisjon. Eit uhell gjer at ho slår seg i hovudet, og når ho vaknar opp, har ho plutseleg eit liv i småbyen, og ikkje som tilsett i butikkjeda. Dette får ho til å revurdere synet sitt.

Det eg likar med Holidaze er evna til innbyggjarane i småbyen til å verdsette si eiga lykke. Men i kampen butikkjeda tyr dei til sjuande og sist til lover og regler som aldri burde ha eksistert. Dei vinn aldri nokon moralsk siger, men taper i mine auger. Den einaste måte dei kunne ha vunne moralsk hadde vore om dei kjempa ein fri kamp mot butikkjeda, og hadde vunne fram i form av å utkonkurrere dei, unngått å selje tomter eller inngått ein betre avtale.

Dei store linjene til denne tv-filmen er diskutable, mens dei små detaljane kan eg sette pris på. Den skinnande karakteren til Jennie Garth, og den gode stemninga og enkle romantikken til film. Strengt tatt er ikkje dette ein film som skjer tett på jul, og byr derfor ikkje på så mykje julestemning heller. Og thanksgiving er jo ikkje lenge før jul uansett. Så mitt håp om julestemning brast.