
Hollywood Ending
Hollywood Ending er ein Woody Allen-komedie frå renessansen til filmskaparen etter eit litt svakare 1990-tal. Filmen handlar om ei filminnspeling, og Woody Allen spelar hovudrolla som ein regissør som får ein ny sjanse, etter å ha hatt mange dårlege år og ei fallande karriere.
Den store sjansen kjem då ekskona til protagonisten Val (Woody Allen) overtalar sin nye mann og filmprodusent om å gi Val moglegheita til å lage ein film. Téa Leoni gjer ei god rolle som ekskona Ellie. På første innspelingsdag blir Val blind av psykologiske årsaker, og ønsker ikkje å fortelje nokon om det for å øydelegge sjansen for ein tilbakekomst i filmbransjen.
Hollywood Ending er ein enkel og sjarmerande komedie. Humoren har stort sett sitt opphav i resultata av blindheita og blir servert i små porsjonar gjennom heile filmen. Innimellom er det plass til eit halvseriøst drama for å bygge på relasjonane i filmen. Men også andre sider ved filmen er god. Vegen tilbake til det store lerret for Val er engasjerande, om enn lett. Og Woody Allen passar som fot i hose i hovudrolla. Er du fan så vil du like denne.
MaryAnn Johanson på FlickFilosopher (flickfilosopher.com) finn lite av sjarmen eg har glede av. Ho meiner filmen er for oppteken av Val til å utvikle dei andre personane, og at premissen ikkje blir til ein fungerande komedie. Eg får meir ut av dei små porsjonane med humor undervegs. Vegen tilbake for den håplause regissøren engasjerer lett, sjølv om opplegget er enkelt og alt ikkje treng å henge like godt saman.
