- Filmdagbok

Home Again

Home Again er produsert av Nancy Meyers, regissøren bak fleire suksessrike romantiske komediar, deriblant The Holiday. Filmen er regissert av dottera hennar, Hallie Meyers-Shyer.

Og det merkast at dette har ei tilknytning til Nancy Meyers. Stemninga og karakterane minnar i stor grad om The Holiday. Det er hyggeleg, lunt, det er kjærleik og det er håp.Og litt friksjon så klart.

Det er ein koseleg og artig film som tar slutt altfor fort. Eg likar også hyllesten til filmhistorikken, som er ein annan ting som liknar på The Holiday her.