
Home Alone
Heilagdagar handlar om jubel og glede. Dei er tider å le og halda til med familien din på. Home Alone oppnår jubel, glede, latter, men ikkje familie.
Home Alone er skriven av John Hughes, som òg gjorde den fantastiske The Breakfast Club. Filmen handlar om ein åtte år gammal gut kalla Kevin, som ved eit uhell blir etterlate heime når foreldra hans dreg bort på juleferie. Dessverre for Kevin bur han i eit rikt hus, som er blir ettertrakta av to innbrottstjuvar: Marv og Harry. Dei planlegg å rane huset, så Kevin må verne seg sjølv ved hjelp av heimelaga feller.
Home Alone er rett og slett full av fysisk komedie. Men John Hughes gjorde ein feil med manuset. Han gløymde å gjere det realistisk.
At humoren fungerer utan særleg realisme, blir godt forklart av Cameron Davies på Mainstream404 (mainstream404.wordpress.com). Han meiner Harry og Marv er så teikneserieaktige at me kan le av smertene deira utan å tru at dei blir alvorleg skadde. Eg synest det er eit godt poeng. Dei logiske hola blir ikkje borte, men den fysiske komedien får eit uttrykk som toler ganske mykje overdriving.
Korleis kunne Kevin sovna, medan heile familien hans skrik og prøver å pakke? Korleis kunne han laga så mange feller, men ikkje klara å pakke ein koffert? Korleis kunne Marv bruka så mykje tid på golvet etter å ha snubla, når Harry har teke Kevin? Korleis? Vel, til trass for feil, er Home Alone ein morosam, hjartevarmande julefilm. Eg vil rå deg til å sjå han. Han er ikkje perfekt, men han er morosam.
