Hopp til hovedinnhold
Plakat for Homefront (2013)

Homefront

Film
3

Filmar med Jason Statham var ei stund risikabelt terreng, men har dei siste åra vist seg å vere stort sett greie til gode actionfilmar. Homefront er blant dei nyare som er dryg nok med heftig action, men som til ei viss grad prøver seg på realisme. Ei bra blanding.

Jason Statham spelar eks-agent som gjennom vitnevern har blitt lokalisert til ein roleg, liten by i lag med dottera si. Han var del av eit større narkotikabeslag tidlegare, og det er delar av denne forhistoria som jagar han utover i Homefront.

Det som fungerer godt er spenningsbygginga, skodespelet, dramaet, miljøet og actionscenene. Dette er nok til å gjere Homefront til eit godt, men ikkje legendarisk val av film. Det som kan trekke litt ned er kor enkelt alvoret startar, og dei litt tynne og korte samanhengande mellom forhistoria og notida til filmen. Det blir ikkje den største greia med filmen, men kunne ha vore med på å gjere filmen litt meir minneverdig om det var gjort hakket meir truverdig.

John Branney på From the Desk of John Branney (johnbranney.wordpress.com) er langt mindre nøgd med bruken av skodespelarane og tempoet i actionen. Han meiner dei mange personane får for lite å spele på, og at forholdet mellom far og dotter blir for søtt. Eg opplever blandinga som meir vellukka. Spenninga, miljøet og oppgjera gir nok til at dei tynne samanhengane i historia ikkje tek over heile inntrykket.