Hopp til hovedinnhold
Plakat for Homeward Bound: The Incredible Journey (1993)

Homeward Bound: The Incredible Journey

Film
3

I Disney-klassikaren Homeward Bound: The Incredible Journey er det dyra som er hovudrollane.

Dei to hundane Chance og Shadow, og katten Sassy, blir omplassert på ein gard. Familien som eig dei skal bu midlertidig i ei leiligheit som er for lita til å ha dyr. Så i mellomtida må ein venn av familien passe på dei. Dette er ikkje noko dyra skjønnar, som trur at familien kan vere i fare. Eller at dei har blitt etterlatne.

Dyra rømmer etter kvart frå garden, og legg ut på ei reise gjennom ugjestmild natur for å komme seg tilbake heim.

Homeward Bound: The Incredible Journey har lagt seg på linja at dyra snakkar og tenker, men ikkje nødvendigvis bevegar munnen. I ei tid då animasjon har gjort at ekte dyr ofte bevegar munnen når dei snakkar på realistisk vis, så var det ei tilvenning i byrjinga. Men det gjekk seg fort til. Det er noko litt forfriskande og hyggeleg å sjå ein film som gjer dette, og som har ekte dyr i alle rollar. Det er på ein måte litt røft, men det er også tilsynelatande ekte. Sjølv om det absolutt er fiksjonsfilm tvers igjennom.

Valet om å la dyra snakke utan å røre munnen får òg ros av The Culture Cannon (chrisjamesbond.blogspot.com). Skribenten meiner stemmene og replikkane fangar åtferda til kjæledyr godt, medan menneska er den svakare delen av filmen. Det ligg nær mi eiga vurdering. Dei ekte dyra og måten me får følge dei på gir historia ein sjarm som resten ikkje heilt når opp til.

Det er dyra og deira møte med naturen som stikk av med mesteparten av skrytet mitt. Resten av filmen er ein barnefilm som verken er spesielt god eller dårleg.