
Hoodwinked!
Samanlikna med andre animasjonsfilmar som kjem ut for tida så er den tekniske kvaliteten på animasjonen i Hoodwinked! litt datert.
Fysikken er veldig unaturleg og stiv, men gir filmen eit særpreg. Ingenting av dette var noko problem, for dette er ein av dei betre animasjonsfilmane eg har sett på lenge. Han er nesten like god som Wallace & Gromit: The Curse of the Were-Rabbit faktisk.
Historia om ein kriminell som prøver å ta over godteributikken i skogen, presentert gjennom ei rekke avhøyr, er for meg ein ny måte å bygge opp ein animasjonsfilm på. Det var artig.
Måten historia blir sett saman på, er også høgdepunktet på Dustin Off the Reels (dustinoffthereels.blogspot.com). Skribenten likar korleis rare hendingar i éi forklaring får meining når ein annan figur fortel si utgåve. Han er meir plaga av animasjonen enn eg er, men meiner manuset er betre enn utsjånaden skulle tilseie. Det passar med at eg får så mykje glede av avhøyra. Dei ulike perspektiva gir eventyret ei oppbygging som held meg engasjert.
