Hopp til hovedinnhold
Plakat for Horrible Bosses 2 (2014)

Horrible Bosses 2

Film
2

Det er freistande å opne med eit ordspel på tittelen til filmen ved å skildre filmen som horribel, men det er ikkje verdt dei kreative kreftene, så det blir heller indirekte sagt på denne måten.

Eg såg Horrible Bosses 2 på ein lengre flytur, så forholda var ikkje optimale. Ein knøttliten skjerm, kanskje i feil høgde- og breiddeformat, og eit dårleg lydsystem gjer sjeldan ein film betre. Men ei god historie skin gjennom slikt. Det gjorde ikkje denne filmen.

Eit dykk i arkivet avslører at mitt inntrykk av Horrible Bosses var like horribelt. Sjølv om han var gått greitt i gløymeboka, var ikkje forventingane mine til Horrible Bosses 2 rare greiene heller. Eg kan difor ikkje seiast å ha blitt skuffa, men eg kjeda meg like fullt filmens tull og mangel på god komedie. Rølpete er eit passande ord for å skildre denne type film. Rølpete med ei glatt overflate. Og ein type hastekomedie der ville episodar skjer fortløpande, for å gi eit inntrykk av at alt står på styr, mens manus og meiningar er nedprioritert.

Horrible Bosses 2 er ikkje fråverande av ei historie, og heller ikkje vanskeleg å følge. Men han har ikkje prioritert dette heller.

Christopher Lloyd på Captain Critic (captaincritic.blogspot.com) meiner også vitsane kjem fort utan å treffe særleg ofte. Han saknar noko smart i opplegget og opplever mykje av manuset som laust småprat mellom dei tre. Det er nær den glatte rølpen eg reagerer på. Det skjer mykje på overflata, men tempoet kan ikkje erstatte gode komiske situasjonar når eg først har slutta å bry meg.