
Hostel
Denne filmen kunne gjerne ha blitt kalla Hostile, for det er ingen vennleg film. Verken på den eine eller andre måten. Filmen er rimeleg nok ganske ekkel, som i grotesk til tider. Men trass i dei blodige scenene, vil eg sei at persongalleriet var det verste.
Her er det lagt litt arbeid i å finne folk som ser både rare og skumle ut, men ikkje overdrive stygge. Eg seier ikkje at dei blodige scenene ikkje var fæle, for det var dei, men ikkje på same måte som Saw og Saw II. For i Saw så må eg innrømme eg var ganske så nær ved å snu meg vekk, mens Hostel kan eg takle.
Det er nok negativt både for filmen og for min del. Utan å gå meir inn på kor påverkeleg eg er som publikummar, får eg heller forklare det med filmen som heilskap. Eg trudde ikkje nok på det eg såg til å snu meg vekk.
For historia i filmen er rimeleg tam. Du vil skjønne fort kva det heile handlar om, men du blir aldri forklart det på ein truverdig måte. Så i tråd med handlinga til filmen, og dei andre sette filmane i dag, så blir det ikkje topp tilbakemelding frå mi side her heller. Det som for så vidt trekk opp er som eg nemnde eit ekkelt persongalleri, og i tillegg eit dystert aust-europeisk miljø.
Ian Smith på Ian Smith’s UK DVD Review (ukdvdreview.blogspot.com) meiner det mest ubehagelege ligg i oppbygginga og premissen, framfor i det som faktisk blir vist. Han er meir overtydd av historia enn eg er, men synest også den siste delen blir vel overdriven. Det viser kor avgjerande truverdet er. Eg merkar det dystre miljøet og dei ekle menneska, men blir ikkje nok overtydd av samanhengen til at filmen får det same grepet om meg.
