Hostel - Filmdagbok

Hostel 2005

Denne filmen kunne gjerne ha blitt kalla Hostile, for det er ingen vennleg film. Verken på den eine eller andre måten. Filmen er rimeleg nok ganske ekkel, som i grotesk til tider. Men trass i dei blodige scenene, vil eg sei at persongalleriet var det verste.

Her er det lagt litt arbeid i å finne folk som ser både rare og skumle ut, men ikkje overdrive stygge. Eg seier ikkje at dei blodige scenene ikkje var fæle, for det var dei, men ikkje på same måte som Saw og Saw II. For i Saw så må eg innrømme eg var ganske så nær ved å snu meg vekk, mens Hostel kan eg takle.

Det er sikkert nok både negativt for filmen sin del, og min, men utan å gå meir inn på meg sjølv som publikummar og påverknad og slikt, så kan eg heller unnskylde med at det var filmen i sin heilskap som gjorde at eg ikkje trudde på det eg såg nok til snu meg vekk.

For historia i filmen er rimeleg tam. Du vil skjønne fort kva det heile handlar om, men du blir aldri forklart det på ein truverdig måte. Så i tråd med handlinga til filmen, og dei andre sette filmane i dag, så blir det ikkje topp tilbakemelding frå mi side her heller. Det som for så vidt trekk opp er som eg nemnde eit ekkelt persongalleri, og i tillegg eit dystert aust-europeisk miljø.