
Hot Fuzz
Etter lengre venting kom endeleg Hot Fuzz til kino, og etter meir venting kom eg meg til kinoen. Førehandskunnskapane om Hot Fuzz var små, med filmtraileren som einaste bakgrunn. Eg ser no i ettertid at han er ein knapp forsmak på kva filmen leverer, så han skal ha skryt for både å halde seg i taumane samtidig som han gir forsmaken.
Over til filmen. Dette er ein politispenningskomedie sett til ein roleg engelsk landsby som kvart år kjempar om å bli den beste landsby det året. Politikonstabel Nicholas Angel (Simon Pegg) blir ufrivillig overført dit frå London-politiet fordi han har for god personleg statistikk og får resten av politiet til å ta seg dårleg ut. Livet viser seg ikkje å vere så stille på landsbygda, når mange ulykker skjer på rekke og rad ser Angel ei større sak på gang. Dei allereie godt etablerte politifunksjonærane avfeiar teoriane hans glatt.
Hot Fuzz er god i måten Edgar Wright pressar inn haugar med informasjon og detaljar i kvart bilde. Ypparleg med tanke på attsjåing. Han skrur opp klippefrekvensen der det er nødvendig. Det betyr ingen dødtid. Han har humoren i fleire lag, som i dialog og ansiktsuttrykk samtidig, men kvar for seg. Og han køyrer tempoet på filmen opp på eit fantastisk godt nivå når trådane blir samla, som betyr action utan stopp. Ein hyllest utan å massakrering av inspirasjonane.
Å gjere narr av ein sjanger og samtidig vere glad i han er òg noko Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com) meiner filmen meistrar. Han rosar den tekniske og stilistiske heilskapen, og avviser at dei store actionsekvensane mot slutten ikkje passar inn. Det ligg nært inntrykket mitt av ein hyllest som veit kva han held på med. Overdrivingane fungerer fordi dei kjennest som ei opptrapping av filmen, ikkje som lause innslag.
