
Hot Pursuit
John Cusack spelte i sin del av ungdomskomediar på 1980-talet, ikkje alle gode. Hot Pursuit klatrar til midt på treet. Blant det mest morosame personane i filmen å sjå er Ben Stiller som gjer sin langfilmdebut i ei relativt stor rolle. I tillegg spelar Jerry Stiller rolla som faren hans.
Handlinga er enkel, John Cusack skal nå igjen kjærasten som er reist på ferie til Bahamas. Undervegs hamnar han alltid i trøbbel like før han når henne. Piratar og transportproblem. Som tilskodar blei eg sittande å irritere meg framfor å more meg på grunn av dette. Men så var det litt humor utanom.
Blandinga av fare og lett komikk skurrar også på The Gentlemen’s Blog to Midnite Cinema (theggtmc.blogspot.com). Omtalen meiner dei valdelege innslaga sit dårleg saman med den uskuldige kjærleikshistoria, og at John Cusack sin sjarm blir for lite utnytta. Eg heng meg meir opp i korleis han stadig blir forseinka, men begge innvendingane handlar om flyten. Nye hinder gir ikkje automatisk meir moro når filmen slit med å få oss med på leiken.
