
Hot Tub Time Machine
Tre venner i godt vaksen alder har miserable liv. Me er alkoholikar og sjølvmordskandidat. Den andre har blitt dumpa. Den tredje har ein dritjobb og ei utru kone.
I håp om å finne forma tilbake drar dei til ein fordums plass, ei hytte med badestamp. Og mens dei drikk som mest så blir badestampen til ei tidsmaskin og sender dei tilbake til 1986. Me ser dei som godt vaksne, mens alle andre ser dei som ungdommar.
Dette er ein mild rølpefilm, som skal appellere til både godt vaksne med ønske om å oppleve ungdommen igjen, og unge. Drikking, festing og ei heilt enkel historie. Det er ikkje store greiene, men det er heilt greitt som tanketom underhaldning.
Zac på Middle of the Row (middleofrow.com) meiner filmen leverer nettopp den dumme og absurde moroa han lovar, sjølv om han er for sprikande til å bli verkeleg god. Skodespelarane og fleire av dei gjentekne vitsane gir nok latter undervegs. Eg treng heller ikkje meir enn dette av opplegget. Når poenget er å drikke seg tilbake til ungdommen, er ei enkel historie heilt grei så lenge ho underheld.
