Hot Tub Time Machine - Filmdagbok

Hot Tub Time Machine 2010

Tre venner i godt vaksen alder har miserable liv. Ein er alkoholikar og sjølvmordskandidat. Den andre har blitt dumpa. Den tredje har ein dritjobb og ei utru kone.

I håp om å finne forma tilbake drar dei til til ein fordums plass, ei hytte med badestamp. Og mens dei drikk som mest så blir badestampen til ei tidsmaskin og sender dei tilbake til 1986. Me ser dei som godt vaksne, mens alle andre ser dei som ungdommar.

Dette er ein mild rølpefilm, som skal appellere til både godt vaksne med ønske om å oppleve ungdommen igjen, og unge. Drikking, festing og ei heilt enkel historie. Det er ikkje store greiene, men det er heilt greitt som tanketom underhaldning.