
Hotaru no haka
Ei tragisk forteljing om to barn som mistar foreldra sine mot slutten av andre verdskrig på landsbygda i Japan. Uansett kor trist dette skulle vere så slo det ikkje heilt an her. Filmen er god på så mange måtar, men når aldri opp til mitt førre møte med barn overlatne til seg sjølv, som også var i ein japansk film, Dare mo shiranai.
Så, bra film, men han når inga topplassering som verken Studio Ghibli-film eller anime. God framstilling av kor brutalt det kunne vere, med nokon lyspunkt for å gjere filmen vakker.
Dei små lyspunkta kan også gjere tragedien endå tyngre. Skribenten på Cinema Parrot Disco (table9mutant.wordpress.com) trekker fram korleis veslesystera held fast ved gleda over små ting, og meiner nettopp dette gjer filmen vanskeleg å sjå. Eg ser kvalitetane i den blandinga av venleik og liding, men blei ikkje like sterkt gripen. Samanlikninga med Dare mo shiranai blir framleis ståande for min del.
På engelsk heiter filmen Grave of the Fireflies.
