HottieBoombaLottie - Filmdagbok

HottieBoombaLottie 2008

HottieBoombaLottie er filmen eg stadig er på jakt etter. Med den tittelen var eg skeptisk, og ei oppsummering av handlinga fekk meg så vidt interessert nok.

Dette er ein av dei filmane med ein asosial raring i hovudrolla. Av dei drygaste sånne filmane er Napoleon Dynamite. Ethan i HottieBoombaLottie er meir truverdig. Han gjer flaue ting, men det er ikkje fullt så tilfeldig. Han er dårleg på å få med seg det opplagte, og dette gir grobotn for god humor.

Det store plusset er at det også skjer noko i filmen. Handlinga flyttar seg hit og dit. Nye folk glir naturleg inn og ut av historia. Og Ethan har eit klart mål, som driv filmen framover.

HottieBoombaLottie er også ein søt kjærleiksfilm. Og ein vondskapsfull søsken- og tenåringsfilm. For ikkje å nemna overraskande og dristig på kva som blir brukt som humor. I blant tar filmen, eller karakterane på vegne av filmen, store sjansar. Men det blir ikkje usmakeleg eller for drygt.

Eg vil avslutte med å oppsummere andre filmar som HottieBoombaLottie er i godt selskap med: Submarine, Rocket Science, Rushmore og Napoleon Dynamite. Om nokon av desse fell i smak, så er HottieBoombaLottie ei anbefalt og liknande oppleving.