House - Filmdagbok

House 1977

Hausu er ein spesiell sak som påstår å vere ein skrekkfilm. Det tar det ei stund før han viser at han er det, men heller ikkje når det er klart er det overbevisande.

Før det overnaturlege tar over er det komedie, tenåringsfilm, avant garde-redigering og surrealisme i solide porsjonar. Den lystige musikken slepp derimot aldri taket, og dette resulterer i ei udefinerbar stemning utover og gjennom skrekken.