Hopp til hovedinnhold
Plakat for How Green Was My Valley (1941)

How Green Was My Valley

Film
2

For ein god filmtittel How Green Was My Valley har. Med John Ford i regissørstolen låg mykje til rette for eit godt møte. Eg blei likevel skuffa. Eg hadde sett føre meg noko lysare og meir romantisk enn filmen eg fekk.

Huw Morgan (Roddy McDowall) veks opp i ein walisisk gruvearbeidarfamilie. Gjennom minna om barndommen følger me både familien og bygda rundt han. Lønskutt, streik og farane ved arbeidet grip inn i livet deira.

Eg skjønar at forventingane mine var feil innstilte. Filmen hadde ikkje lova meg det eg venta, og det er mitt ansvar. Samtidig er det opplevinga mi eg sit att med. Eg fekk ikkje den filmen eg hadde håpa på, og fann meg heller ikkje heilt til rette i den han faktisk er.

På Old Yorker (oldyorkeronline.com) blir John Ford rosa for kor godt han utviklar biletet av eit heilt samfunn, med håp om endring og frykt for det same. Omtalen finn mindre å glede seg over i den melodramatiske kjærleikshistoria. Det er altså mykje anna enn romantikken som ber denne forteljinga.