Eit gjensyn med denne marihuanafylte filmen, som eg ikkje var heilt sikker på om eg hadde sett før når eg sette meg ned i sofaen. Men det hindra meg uansett ikkje så sjå han ein gong til.
Til saka, How High er absolutt ingen Oscar-kandidat, og var det aldri heller når han kom ut. Han er så enkel og overflatisk som ein komedie kan bli, utan at det gjer han mindre morosam. Faktisk så er det ganske så greitt å sette seg ned med slik dum humor av og til, for å sleppe å tenke, og for å slappe av.
Slappe av er noko våre venner Silas (Method Man) og Jamal (Redman) også er. Eg orka ikkje forklare korleis ting skjer, anna enn at vennen til Silas dør, og oska hans blir brukt i ei marihuanaplante. Dei som røyker marihuana frå planta ser vennen som eit spøkelse. Uansett gjer Silas og Jamal seg nytte av spøkelset.
Jamal dukkar opp i historia her ein plass, og kjem seg inn på Harvard, og der finn dei på ein del typisk collegehumor, som du ser i filmar: Festar, røyking og at dei held på å bli kasta ut. Men det verste av alt er at det verka som filmen faktisk har ein moral, at så lenge du gjer ein innsats, så kan du få utretta det du vil, uansett kven du er. Enkelt nok.
Han kjem kanskje litt feil ut samanlikna med andre filmar, men eg tykkjer ikkje at denne filmen er så aller verst til sitt formål.