I det ein ny verdskrig bryt ut, er vår hovudperson i How I Live Now på den engelske landsbygda. Amerikansk i opphavet, er ho sendt dit fordi foreldra driv på med andre ting internasjonalt, knytt til heile verdskrigsaken.
How I Live Now er ein moderne krigsfilm med vekt på effektane av atombombe, og korleis dette påverkar sivile eit stykke utanfor åstaden. Det er ein dyster film, viss lyspunkt er romantikken som oppstår mellom hovudpersonen og ein fyr. Saoirse Ronan er førstnemnte, Tom Holland den andre.
Utsnittet til filmen er realistisk, men litt kjedeleg. Eg saknar meir spenning og fare for å verkeleg sette How I Live Now på kartet. Det eg angrip er altså kjerna til filmen, som ikkje fall heilt i smak hjå meg. Her er me på kanten til keisemd litt for ofte, noko som også er fordi filmen står ein del i ro.
Eg er ikkje ute etter å sjå fantastiske, datagenererte bilde av øydeleggingar, men den kontrastfylte idyllen her er ikkje nok. Det heng saman med at det romantiske innslaget her ikkje er nok. Hadde det vore sterkt nok, så hadde eg tenkt mindre på alt det andre. Men som det enda opp med å bli, går filmen berre halvveges på områda han tar for seg.