
How to Train Your Dragon 2
Nyare animasjonsfilmar går meg ofte hus forbi. Ei stund følgde eg med på det som skjedde, fordi dei stadige forbetringane innanfor teknologien interesserte meg. Samstundes som eg orienterte meg om dei beste av dei store animasjonsfilmane som kom ut.
No for tida vert det mest ein og annan film, gjerne litt tilfeldige. Eg såg How to Train Your Dragon når han kom, og tykte det var ein artig film. Når eg no kom over How to Train Your Dragon 2 blei det ei spontan avgjersle at eg såg han. Eg har gjerne sansen for filmfranchisar. At eg har sett første film blant fleire, senkar ofte terskelen monaleg.
How to Train Your Dragon 2 er ei sprek sak som både ser lekker ut, og har ei artig historie. Begge delar er viktig. Filmen emnar òg å kome med eit drama som fungerer, sjølv om det er enkelt.
Christopher Lloyd på Captain Critic (captaincritic.blogspot.com) meiner oppfølgaren er lettare tematisk, men har endå meir fart og rein underhaldningsglede. Særleg flyginga og dei mange visuelle detaljane får ros. Det er mykje av same kombinasjonen som fungerer for meg. Historia treng ikkje vere spesielt innvikla når filmen både gir meg noko flott å sjå på og nok dramatikk til at eg vil vite korleis det går.
Ein ting eg sat pris på før var å kjenne igjen stemmene til kjente skodespelarar i animasjonsfilmar. Her har eg endra meining, og ser for tida på mykje av det som ein distraksjon. Når eg høyrer stemma til Jay Baruchel her, tenker eg mest på ansiktet hans, og har det vanskelegare med å førestille meg karakteren Hiccup i denne filmen som ein eigen karakter.
