How to Train Your Dragon 2 - Filmdagbok

How to Train Your Dragon 2 2014

Nyare animasjonsfilmar går meg ofte hus forbi. Ei stund følgde eg med på det som skjedde, fordi dei stadige forbetringane innanfor teknologien interesserte meg. Samstundes som eg orienterte meg om dei beste av dei store animasjonsfilmane som kom ut.

No for tida vert det mest ein og annan film, gjerne litt tilfeldige. Eg såg How to Train Your Dragon når han kom, og tykte det var ein artig film. Når eg no kom over How to Train Your Dragon 2 blei det ei spontan avgjersle at eg såg han. Eg har gjerne sansen for filmfranchisar. At eg har sett første film blant fleire, senkar ofte terskelen monaleg.

How to Train Your Dragon 2 er ei sprek sak som både ser lekker ut, og har ei artig historie. Begge delar er viktig. Filmen emnar òg å koma med eit drama som fungerer, sjølv om det er enkelt.

Ein ting eg sat pris på før var å kjenna igjen stemmene til kjente skodespelarar i animasjonsfilmar. Her har eg endra meining, og ser for tida på mykje av det som ein distraksjon. Når eg høyrer stemma til Jay Baruchel her, tenkjer eg mest på ansiktet hans, og har det vanskelegare med å førestille meg karakteren Hiccup i denne filmen som ein eigen karakter.