Howard the Duck - Filmdagbok

Howard the Duck 1986

Howard er ei and frå ei parallell verd av vår, der anda har utvikla seg til den mest intelligente skapningen på planeten. Eit eller anna skjer og han vert sendt til vår verd. Tilfeldigheitene har det til at han møter Beverly (Lea Thompson), ei ung kvinne som vert venen hans, i motsetnad til alle andre som gjev han dårleg handsaming.

Andeskapninga Howard er i filmen ein kortvakse skodespelar i kostyme. Kostymet er ikkje livaktig, men statisk og amatøraktig. Sånn som resten av filmen. Det verste er ikkje korleis det ser ut, men kor lite lett det er å like Howard-skapninga. Og det er ikkje bra at eg får null grunnar til å interessera meg for handlinga.

Filmen glimtar til med eit par komiske visuelle uttrykk. Som Jeffrey Jones med grotesk sminke og lyneffektar i augene, då han vert besett av utanomjordisk vondskap. Og som nemnt andefiguren, som er så lite ekte at det nesten vert bra.

Tim Robbins gjer moglegvis ei av sine verste rolletolkingar. Medan Lea Thompson er nok det som reddar filmen frå å verta fatalt dårleg.

Oppbygginga var òg problematisk. Etter tre kvarter vart det lagt opp til ei avslutting på besøket til Howard, og her ynskte eg verkeleg at filmen skulle verta ferdig. Den emosjonelle delen av filmen var ikkje etablert godt nok til dette, men resten av handlinga la opp til det. I staden var det igjen ein time, og ein trussel i form av utanomjordisk vondskap vart introdusert. Ein kjedeleg trussel, og det vart ein lang time.