Hopp til hovedinnhold
Plakat for Howards End (1992)

Howards End

Film
3

Det er mykje godt skodespel og samspel i Howards End. Anthony Hopkins leverer bra i ein film frå det som kanskje var glanstida hans, tidleg på 1990-talet. Det er iallfall frå denne perioden eg har sett han i mykje eg likar.

Historia er lagt til England tidleg på 1900-taøet. Ulike familiar blir knytte til kvarandre, og eit hus på landet får mykje å seie. Det handlar både om pengar, verdiar og korleis menneska møter kvarandre.

Henry Wilcox (Anthony Hopkins) blir ein sentral person i livet til Margaret Schlegel (Emma Thompson). Søstera hennar, Helen Schlegel (Helena Bonham Carter), står også sentralt. Her har filmen fleire gode skodespelarar å bruke i møta og konfliktane.

Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) meiner skodespelarane fyller karakterane så godt at handlinga kjennest som noko som skjer med dei, snarare enn eit manus som blir spelt. Han er langt meir begeistra for heilskapen enn eg er, men skodespelet er også mitt tydelegaste haldepunkt.

Det er fint å sjå Anthony Hopkins få så god hjelp frå Emma Thompson og Helena Bonham Carter. Howards End blir ikkje ein storfavoritt for meg, men samspelet gir filmen mykje av det eg likar ved han.