Hugo - Filmdagbok

Hugo 2011

Martin Scorsese er ein av dei beste regissørane dei siste tiåra. Han har talent og kan verkeleg yrket sitt. Spesielt gangsterfilmane hans er i det øvre skiktet. Filmar som Goodfellas, Casino og Raging Bull er verdt å sjå.

Med Hugo så har han forflytta seg til barnefilmen. Også her leverer han varene. Det er fargerikt og morosamt. Filmen gir eit godt bilde av byrjinga til kinoen og dei første filmane. Alt fortalt gjennom augo til eit barn som bur på togstasjonen i Paris, Frankrike.

Filmen er både lærerik, ein god barnefilm og ein hyllest til tidleg filmhistorie presenter av Martin Scorsese.