Hopp til hovedinnhold
Plakat for Hukkle (2002)

Hukkle

Film
2

Hukkle stod på programmet til filmfestivalen Katakombefilm 2013. Det er ein ungarsk sak utan dialog, som enda opp som den svakaste filmen på festivaldagen.

Når det er ute av verda at filmen ikkje kan anbefalast, så er det likevel på plass å seie at filmen har sine gode sider.

For sjølv om filmen både er kjedeleg og innimellom irriterande, så har filmen flotte bilde, god miks av lyd og kreative overgangar.

Det som ikkje fungerte greitt var at eg helst ser filmar med tradisjonell oppbygging, dialogar og humor eller drama å henge meg på. Den langsame filmen blei ei tolmodprøve som eg feila.

Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) finn ei større uro under dei små observasjonane av landsbylivet. Han meiner eit mogleg mord inngår i den same verda som dyra, lydane og dei kvardagslege rørslene, framfor å bli eit vanleg mysterium med tydelege svar. Eg skjønar at det kan gi noko å leite etter i bilda. For meg blir likevel avstanden til ei meir tradisjonell forteljing for stor til at den flotte forma held interessa oppe.