Hukkle - Filmdagbok

Hukkle 2002

Hukkle stod på programmet til filmfestivalen Katakombefilm 2013. Det er ein ungarsk sak utan dialog, som enda opp som den svakaste filmen på festivaldagen.

Når det er ute av verda at filmen ikkje kan anbefalast, så er det likevel på plass å sei at filmen har sine gode sider.

For sjølv om filmen både er kjedeleg og innimellom irriterande, så har filmen flotte bilde, god miks av lyd og kreative overgangar.

Det som ikkje fungerte greitt var at eg helst ser filmar med tradisjonell oppbygging, dialogar og humor eller drama å henge meg på. Den langsame filmen blei ei tolmodprøve som eg feila.